Bømlo kommune sitt kulturstipend

Retningslinjer:
1. Som ei støtte til personar heimehøyrande i Bømlo kommune, og som engasjerer seg innanfor kulturområde, kan ein annakvart år dela ut stipend på til saman kr 25 000,-. Summen kan delast mellom to eller fleire personar.
2. Utval for oppvekst, kultur og idrett kan justera stipendsummen.
3. Kulturstipendet blir gitt til dei som viser særlege evner innanfor musikk, idrett eller kunst, eller som legg ned eit stort arbeid innanfor kulturlivet elles.
4. Stipendet er meint som ei spore til vidare innsats for å kunne halde fram med å utvikla seg innanfor sitt område.
5. Det må sendast inn personleg søknad.
6. Ved handsaming av søknaden blir det lagt vekt på at søkjaren har ein plan for bruk av midlane, og at midlane vil gjera det lettare å realisera planen.
7. Mottakarane skal gje kort skriftleg tilbakemelding på korleis stipendet blir nytta.
8. Administrasjonen skal syta for å lysa ut stipendordninga m.a. ved utlysing i pressa i god tid før fristen for innsending av søknad.
9. Søknadsskjema skal sendast til utval for oppvekst, kultur og idrett, som gjer endeleg vedtak om kven som skal få stipendet.
10. Dersom ikkje kulturstipendet blir delt ut eit år, kan midlane overførast til bruk året etter.

Vil du søke på legatet? Kjøp Legathåndboken

Ønsker du å søke på dette legatet eller finne flere legater som passer for deg? Du finner nødvendig informasjon om søknadsfrist, søknadsprosedyre og kontaktinformasjon for dette legatet, samt over 2000 andre legater i Legathåndboken. Kjøp boken her