Time kommunes kulturstøtte


Kulturprisen - Timeglaset er den viktigaste kulturpåskjøninga i Time kommune.
Kulturprisen kan ein gje til ein person, ei gruppe eller ein organisasjon som har lagt ned eit særs verdfullt arbeid innan kulturlivet i Time. Alle kan foreslå kandidatar til kulturprisen – Timeglaset. Grunngjevne forslag på kandidatar må leverast skriftleg til Time kommune.

Byggeskikkpris - Time kommune sin byggeskikkpris kan ein gje for nybygg, tilbygg, rehabilitering eller vern som på ein framifrå måte tek opp i seg dei lokale forholda. Særleg god arkitektur, universell utforming, materialbruk og detaljutforming bør vektleggjast. Prisen kan ein og gje til andre tiltak som parkar, hagar og uteanlegg som i utforming og tilpassing gjer Time til ein god kommune å opphalda seg i eller vera i. Prisen er ein bronseplankett og kr 20 000.

Kulturstipend - I Time kommune kan ein kvart år dela ut eit kulturstipend. Stipendet kan søkjast av personar som gjennom yrke eller fritid tek aktivt del i kommunen sitt kulturliv og som ønskjer vidare utvikling innan sitt fagområde. Kulturstipendet skal primært hjelpe kulturarbeidarar/utøvarar i Time til vidare utvikling. Stipendet med diplom er på kr 25 000,-.

«Idrettsstipend – Time kommune sitt idrettsstipend kan ein gje til personar i aldersgruppa 15 – 25 år som gjennom trening og konkurransar tek aktivt del i idrettslivet som utøvarar. Stipendet består av eit diplom og kr 25 000».

Innsatspokal - Time kommune sin innsatspokal kan ein tildele utøvarar, individuelt, eller som lag, leiarar eller organisasjonar innan områda: Allmenn kultur, barne -og ungdomsarbeid, idrett, song og musikk. Formålet med innsatspokalen er å heidra og stimulera aktiviteten innan områda ovanfor.

Heiderspris – Time kommune sin heiderspris kan tildelast enkelt personar eller grupper av personar. Den kan ikkje tildelast offentlege institusjonar eller organisasjonar. Formålet med heidersprisen er ei påskjøning for prestasjonar som set Time og Jæren på kartet nasjonalt og internasjonalt, og bidreg til særs godt omdømme for kommunen vår. Alle kan foreslå kandidatar til heidersprisen.

Vil du søke på legatet? Kjøp Legathåndboken

Ønsker du å søke på dette legatet eller finne flere legater som passer for deg? Du finner nødvendig informasjon om søknadsfrist, søknadsprosedyre og kontaktinformasjon for dette legatet, samt over 2000 andre legater i Legathåndboken. Kjøp boken her