Stord kommunes kulturstipend

Eit arbeids- og utdanningsstipend kan kvart år delast ut til kulturarbeidarar og kunstnarar med tilknyting og forankring til Stord kommune.Heile summen kan gjevast til ein person, eller delast. Føresetnaden for stipendet er at det til ei kvar tid vert stilt pengar til disposisjon på budsjettet. Det er Komité for næring, miljø og kultur som deler ut stipendet. Stipendet vert delt ut samstundes som kulturpris og målpris ved Stord musikklag sin årlege nyttårskonsert i januar.

Stipendet kan søkjast til bestemte arbeidsoppgåver, til studiereiser og til utdanning. Komiteen for næring, miljø og kultur kan og tildela stipend på eige initiativ og/eller etter framlegg frå andre. Komiteen for næring, miljø og kultur kunngjer søknadsfristen i lokalpressa og under "Kunngjeringar" på denne nettstaden. Stipendiaten sender ei kort melding til komiteen om korleis stipendet er nytta.

Vil du søke på legatet? Kjøp Legathåndboken

Ønsker du å søke på dette legatet eller finne flere legater som passer for deg? Du finner nødvendig informasjon om søknadsfrist, søknadsprosedyre og kontaktinformasjon for dette legatet, samt over 2000 andre legater i Legathåndboken. Kjøp boken her