Legat til sosiale føremål i Suldal kommune

Legatet er oppretta ved samanslåing av følgjande legat: G. G. Roaldkvams legat, Lars Jelsa 3. legat, Joakim og Jensine Haugs legat, Ritlands Gåvefond og Legat for kommunalt helsetun. Legatet skal forvaltast av Suldal kommune etter dei reglane som gjeld for offentleg stadfesta legat. Til å stå for utdeling av legatporsjonar, vert det vald eit styre på fire personar, der ordføraren har en representant, levekårsutvalet to representantar og soknepresten i Jelsa har én representant. Styret si funksjonstid følgjer valperioden. Rådmannen har sakshandsaminga.
Grunnkapitalen, kr 600.000, skal plasserast i bank, og det skal sytast for at avkastinga til eikvar tid vert størst mogleg.
Avjastinga av legatet skal nyttast slik:
-Ein tidel av årleg avkasting skal leggjast til grunnkapitalen.
-Ni tidelar kan delast ut som legatporsjonar til institusjonar, lag og organisasjonar og enkeltpersonar.
Ved utdeling kan ein ta sosiale omsyn.
Styret fastset etter skjønn, kor mange og kor store legatporsjonar som skal delast ut kvart år. Avkasting som ikkje vert delt ut, vert lagt til kapitalen.

Vil du søke på legatet? Kjøp Legathåndboken

Ønsker du å søke på dette legatet eller finne flere legater som passer for deg? Du finner nødvendig informasjon om søknadsfrist, søknadsprosedyre og kontaktinformasjon for dette legatet, samt over 2000 andre legater i Legathåndboken. Kjøp boken her